fandens ordbok

Håndbok for frilurarar og enkeltgjengarar (sd.)

Redaktør: Gunnar Øyro

  • abduksere: på ein forsiktig måte å få ein stor (tung) konge til å gå av.
  • aetat: ikkje-etat. dss nav.
  • aksjeselskap: selskap arrangert for å feira eit rekordarta aksjeutbytte dss utbyttefest.
  • aksjeutbytte: resultatet av aksjeutbytting.
  • aksjeutbytting: utbytting vha.aksjer.
  • alliert: medløpar, mots. av fiende. Sjå også detalliert.
  • anarki: kaos
  • angrep: proaktivt forsvar.
  • arbeid: virksomhet der person a gjer person b rik
  • arbeidar: person a, dss. arbeidstakar.
  • arbeidsgivar: person som tar det meste av ein arbeidstakars produksjon.
  • arbeidstakar: persom som gir det meste av sin produksjon til ein sk. arbeidsgivar.
  • as: sjå tjuv og kapitalisme.
  • asosialisme: sammfunnsordning der staten forvaltar el. tilrettelegg for kapitalistisk verksemd. © Kjetil Rolness (Bakmålsordboka) Sjå også kammerlogikk.
  • autopilot: dss. statsminister.
  • bakkekontakt: fornærmelse brukt mot sjømenn som har kontakt med mor Gnore på tider der dei ikkje skal ha det. Jmf HSD-lexi og jordnær.
  • bestemmerett: retten til å la andre bestemma. Sjå også valg.
  • bestemmeseddel: ein lapp der du erklærer at andre kan bestemma over deg.
  • bombe tilbake til steinalderen: metode brukt av land som mentalt og moralt allerede er i steinalderen for å skaffa seg selskap der. Om såkalt kirurgisk bombing (sd) var mulig skulle ein kunna tenkja seg å bli bomba tilbake til sekstitalet, men det er visst aldri ein option.
  • bombevik: tidligare statsmedister (sd.) som var tilhengar av sk. humanitær intervensjon.
  • bonzai-pedagogikk™ : pedagogikk som går ut på å luka bort unotar som er eit resultat av sk. unnalæring. Sjå også petimetri
  • bosman-abonnent: abonnent uten bindingstid
  • bosman-borgar: frilurar (sd.) som heller ikkje er bunden av nasjonale grenser.
  • blindgjengar: medlem av ein blindgjeng
  • blindgjeng: gjeng som utøver blind vold
  • blind vold: tilfeldig vold. Det motsette av vold utført med hensikt, td. krig eller tortur, som skal vera mykje betre.
  • blåblå: brunt.
  • blåblåøyd: det motsette av blåøyd, naiv. Når det blåblå regjeringen vil privatisera vatnet er det bare tilsynelatande blåøyd.
  • bush: enhet for dumskap, som regel altfor stor i praktisk bruk. Bruk då heller millibush eller nanobush. 
  • byttehandel: Å handla med krigsutbytte, sjå feks trekanthandel.
  • comdott: mislukka gründer av et dotcom-selskap.
  • demokrater: hol i bakken som resultat av sk. demokraterisering. blir ofte nytta som massegrav.
  • demokrati: folkestyre, USA, styre som rettar seg etter Pentagon, folk som er demokraterisert.
  • demokraterisering: folkemord, utrydding av eit ikkje-demokratisk folk, ofte ved bombing. Sjå folkerett.
  • detalliert: ubetydelig alliert, som td. Gnore.
  • dotcom-selskap: as som ikkje har andre aktiva enn ei webadresse, sjå svindelvev.
  • dårskapens akse: usa - storbritannia - israel - australia.
  • effektivitet: evne til kjapt og greit å gjera som du blir fortalt og betalt, evne til samarbeid, mots. av resistans (sd.)
  • ekstravantgarde: person som er så langt framfor si tid at ho tar dei andre igjen med nesten ein runde.
  • enkeltgjengar: unik, original person.
  • fantombombe: innbilt eller påstått atombombe som blir nytta som påskudd for ein intervensjon (sd.). Kallast av og til også aksiombombe. Saddam Hussein hadde eit stort arsenal av fantombomber. Sjå også masseødeleggelsesvåpen.
  • fiende: fanden sjølv, person eller stat som ikkje er erklært som alliert, etter prinsippet "dei som ikkje er med oss er imot oss", eller "there is no neutral ground" som det heiter på amerikansk.
  • fiendebilde: fanden på veggen, gjerne gramstilt med skjegg og turban. (Sjå feks. iransmann eller irakrygget)
  • fisjon: oppsplitting av verksemder med det formål å oppnå ein synergieffekt og / eller meir samarbeid. (sjå fusjon eller visjon)
  • flink: samarbeidsvillig, ein som gjer andre mål til sine.
  • flokestyre: tilsynelatande demokrati, styre basert på antagelsen om at det folket ikkje veit har dei ikkje vondt av.
  • flokevalgt: person som kjem til makta gjennom manipulering av valgprosessen og/eller veljarane.
  • flyktningeråd: vennligsinna tips til iransmenn (sd.) og andre innvandrarar. Eit vanlig flyktningeråd i Norge er "dra til helvete!".
  • folkemord: utrydding av eit folk vha. sk. folkerett, bieffekt av demokraterisering.
  • folkerett: ein stor feil, sjølvbestalta rett til å gjera folkemord, som regel utført av eit sk. forsvar.
  • folkestyre: 1) demokrati 2) dei som styrer folket, dvs. USA/Pentagon.
  • for: feig, enig, eksempelvis for USA. Mots av mot.
  • forbystyre: styre som har som hovedoppgave å stoppa fredelige og samfunnsnyttige aksjonar som husokkupasjonar ol. Jmf. kanselleri.
  • forhandling: formell samtale mellom ulike partar (sd.) i ein konflikt med det formål at dei skal forbli ulike.
  • forsvar: 1) angrep. 2) hierarkisk organisasjon (sjå orden) danna for å kunna kriga mot andre land på deira teritorium etter mottoet "angrep er det beste forsvar", og i henhold til sk. folkerett.
  • fred: ei det beste, utbytting uten motstand.
  • fredspris: avlat, nedbetaling av Marshallhjelp. f skal i følge statuttane fortrinnsvis gå til ein leiar (sd.) av usa (sd.) eller ein dissident i eit land som vi (dvs usa) ikkje likar.
  • fremskritt: eit steg utfor stupet. (Sjå stø kurs og kollisjonskurs)
  • fri: underlagt usa (sd.) dvs. demokraterisert.
  • frigjering: krig med det formål å demokraterisera eit land.
  • frihet: betyr for ein stat utanom usa, å vera fri frå sk. demokraterisering. For ein sk. arbeidsgivar betyr det å kunna fritt seia opp ein sk. arbeidstakar til fordel for ein annan a- som arbeider for halve løna. For ein sk. arbeidstakar betyr det friheten til å velja mellom å seia opp ein dårlig betalt jobb eller å svelta i hel.
  • frilurar: person som ikkje er bunden av konvensjonar sjå bosman-borgar. 
  • full stilling: stilling som inneber mykje drikking td. konge, presenilident eller diplomat. Sjå representativ.
  • fundamentalsykehus: sykehus for personar med avvikande politisk haldning
  • fusjon: samanslåing av verksemder med det formål å oppnå ein synergieffekt og / eller meir samarbeid. (sjå fisjon eller visjon
  • gaiateorien: teori om at et rutebilselskap er ein sjølvorganiserande organisme. Det er enkelte ting som talar for teorien, feks det faktum at forsinkelsen på Mulebussen (nr 5) ikkje kan vera ubegrensa fordi den då vil kollidera med den bussen som kjem etterpå i same rute. Teorien har likevel liten tillit blandt ruteteoretikarar.
  • Gjelp! vanlig uttrykk i vidaregåande: "Gjelp! Norsklæraren kjem!". NB! Dette har overhodet ingenting med ordgasme å gjera. (Sd.)
  • Gnore: lite ubetydelig land langt mot Gnor. (Sjå detalliert.© Else Michelet.
  • Gnorexi: Anorexi for land etter mottoet hvorfor være stor når man er lykkelig som liten?
  • god: flink, på den rette sida, dvs. på vår side. Sjå også demokrati.
  • hsd: Nores Dsylexikerforrdund 
  • hsd-lexi: manglande evne til å lesa sjøkart med dertil høyrande nærkontakt med moder jord. (Jmf. jordnær, og bakkekontakt
  • homo correctus: Det korrekte mennesket, det korrigerande og sjølvkorrigerande mennesket, menneske som bare får ereksjon i peikefingeren © Jarle Rasmussen
  • humanitær intervensjon: intervensjon som er mest mulig human for den aktive parten. Det betyr som regel bombing (demokraterisering) frå så stor høgde at ein ikkje kan treffast av anti-luft skyts.
  • hvalfarting: å reisa til Halsa for å besøkja grava til Keiko. © T. Larsen
  • innfallsplan: den planen du har når du brukar innfallsmetoden.
  • intervensjon: betyr ordrett "å tre i mellom". Som regel trer ein mellom for å skilja ein lidande part frå  rettferdigheten. sjå humanitær intervensjon.
  • intrigering: å samarbeida bak lukka dørar for å fremja sine egne interesser, dvs. det same som ledelse.
  • israel: "gud rår", i betydningen "gud rår over fornuften".
  • irakrygget: person som har knekt ryggen to gonger, men som fremdeles står oppreist.
  • iransmann: svartmuska person frå utlandet som alltid begår forbrytelsar i gnore.
  • jordnær: sjømann eller selskap som ofte går på grunn. Jmf. HSD-lexi.
  • kaldkulere: laga innvandrarregnskap. 
  • kamikazedebattant: person som stiller seg så grundig på sidelinja at ein kvar debatt er umulig, feks. ved å seia seg motstandar av humanitære intervensjonar (sd.)
  • kammerlogikk: logikk beregna på små og lukka rom, dvs. styrerom. "Noen av oss har snakket sammen". (Sjå asosialisme og intrigering.)
  • kanselleri: administrasjon, sentralt byråkratisk organ som har som hovudoppgave å kansellere gode forslag. Jmf. forbystyre.
  • kaos: uorden, system uten orden, utvungent.
  • kapitalisme: legalisert måte å profittera på andre sitt arbeid. steling.
  • karakterisere: skildra det som er særprega ved ein person som eit tal mellom 0 og 6.
  • kirurgisk bombing: 1) Fornærmelse av legar, slik "arkitekten bak NOKASranet" blir brukt mot arkitektar, eller "midtbanedirigent" blir brukt mot dirigentar. 2) demokraterisering (sd.) vha. våpen som efter sigende skal vera så treffsikre at det ikkje er mulig å bortforklara bombing av sivile mål. Begrepet (men ikkje våpenet) er derfor ikkje lenger i bruk.
  • kjøpekraft: erstatning for manglande bærekraft.
  • kollaboratursopran: kvinne som syng for ledelsen.
  • kollisjonskurs: leiarkurs. Opplæring av personar som skal avlærast styringsevna med tanke på å halda sk. stø kurs, jf. den kjente uttalelsen frå ein stortingsmann: "Vi står nå på kanten av stupet. Det er på tide å ta et langt skritt fremover!". (Sjå også fremskritt)
  • kolonialhandel: stad der ein kan kjøpa koloniar, dvs gjera ein landhandel.
  • konflikt: situasjon som kan oppstå dersom ein svak part (sd.) nektar å overgi seg til den sterke. Då blir det anbefalt ein sk. forhandling.
  • krig: statlig vold eller sk. frigjering.
  • krigshissing: det å tilstå fienden visse menneskerettar, noko som gjer usa hissig.
  • kritisk tetthet: den SQ (Stupidity Quotient) som er nødvendig og tilstrekkelig for å bli presenilident i usa.
  • landhandel: Å gjera ein landhandel betyr for to stormakter å kjøpa, byta med kvarandre, eller å fordela seg i mellom, deler eller det heile av eit tredje land. Sjå byttehandel og forhandling
  • ledelse: dss intrigering.
  • leiar: person uten indre motstand (resistans), effektiv person, (Som kjent er effekten omvendt proporsjonal med motstanden i ein leiar: P = U2/R) person som har lett for å bli leia av dei dominerande straumane i tida, moteriktig.
  • leiaremne: stoffet ein leiar er bygd, metall.
  • lektor: størrelse med retning, men uten verdi, dvs max mindreverdi. (jamfør vektor).
  • lektorenes orden er likegyldig. gammalt jungelordtak.
  • levegg: vegg ein kan le bak utan innsyn frå oppsyn. © Jon S.
  • lommerusket: dss. utenriskdepartementet (sd.) © Johan Galtung. Sjå også utenriskmedisterdetalliert
  • markedets hule hånd: stad der vi alle befinn oss.
  • markedets usynlige hånd: hånd som bare er usynlige for den som trur på den.
  • marxtyr: sjølproletarisert person.
  • masseødeleggelsesvåpen: våpen som er så farlege at land som har slike straks må demokrateriserast (dvs. bombast), men som er så farlege at om dei hadde hatt dei, så ville vi aldri bomba dei. Sjå ogsåpresannhet og fantombombe. Søk etter masseødeleggelsesvåpen:
  • masturbadsjan: stad der muslimske menn reiser i asyl.
  • medium: middels, midt i mellom, halvgod, td. TV 
  • medium steikt: sk. politikargrilla på TV.
  • meirarbeid: arbeid utført av ein arbeidar.
  • meirverdi: verdien av ein leiar.
  • millibush: vanlig enhet for dumskap. For presenilidentar brukest enheten bush. Sjå også SQ. 
  • millipetimeter: 1) ekstremt nøye, 2) enhet innan petimetrien (= 10-3 petimeter).
  • militær femkamp (moderne utgåve): består av øvelsane bombing frå stor og lav høgde, snikskyting med og utan utarma uran og sprenging av sivile mål. 
  • mindrearbeid: arbeid utført av ein leiar.
  • mindreverdi: verdien av ein arbeidar, sjå lektor.
  • mot: Det du har når du er mot. Mots. av for.    
  • motarbeid: 1) arbeid mot eigne mål. 2) arbeid med mot.
  • mål: noko du skal arbeida mot dersom det er ein leiar sine, og for dersom det er dine egne.
  • målstyr: meirarbeid påført ein arbeidar som følge av ein leiar sin visjon.
  • nisse: eit vesen i eit marked som det gjeld å finna. ("ein nisse i markedet"), fordi disse som regel har sterk kjøpekraft. Oftast ufarlig, men ikkje hvis dei får for stor makt. sjå postmordernisse.
  • nyhet: presentasjon av ein oppfatning av verkeligheten. Som regel er dette maktens oppfatning, og som regel er denne godt kjent frå før. Sjå Reality.  
  • nær døren opplevelse: distansert opplevelse , td. av pedagogisk konferanse, møte (sitzung), kurs, politisk debatt ell. (sjå seminarr)
  • overbyråkratisering: pleonasme. Bruk heller byråkratisering.
  • overordna: pedantisk, altfor ordna.
  • overskuddsmenneske: person som blir oppsagt for at bedriften skal får enda meir overskudd.
  • orale rom, det: rom i det kvite hus, mykje nytta av Bill Clinton.
  • orden: 1) hierarki, rang, rekkefølge, ulikhet. Det motsette av uorden 2) organisasjon med orden, feks. forsvaret. Det motsette av ein uorden.
  • ordgasme: norsklærarens einaste tilfredsstillelse. (Sjå også Gjelp, og sargasme)
  • Oslo-samtale: samtale mellom ein overordna og ein uvedkommande med det formål å få ein underordna til å akseptera sin posisjon.
  • pang-amerikanisme: bevegelse utgått frå usa som tar sikte på å gjera alle land til amerikanske statar.
  • parkinsionisme: krampetrekningar i avtrekkjarfingeren.
  • part: 1) deltakarar i ein sk. konflikt. 2) okkupert og partert landområde. Når eit land td. israel, (sjå dårskapens akse) okkuperer eit anna land, td. Palestina, parterer det som oftast det okkuperte landet i ein del der motstandarane ikkje får vera og ein del der dei ikkje får bestemma. Det blir som regel forventa at dette geografiske landområdet skal ta del i ein sk. forhandling, Dette kallast i moderne språkbruk å  "få partan til forhandlingsbordet".
  • partera; dela opp, å gjera eit land, td. Palestina til ein sk. part. Sd.
  • passgang: kanossagang, sakte gangart hos tofotingar i retning passkontrollen eller andre kontrollinstansar.
  • pedagnom: blanding av pedagog og sosionom, lærar med klientforhold til sine elevar. 
  • pedagronom: lærar som trur at verbet "å veksa" tar objekt. (Å veksa nokon) © Hilda H. 
  • pedakomikk: samlebegrep for pedagnomi og pedagronomi
  • petimetri: læren om anmerknings- og fraværsføring i skulen. Sjå bonzai-pedagogikk™.
  • petimeter: måleenhet innan petimetrien, som regel altfor stor. Derfor brukest som oftast millipetimeter.
  • petrosofi: filosofisk retning som tilstrebar mest mulig energibruk. 
  • postmordernisse: nisse som tar livet av statlige foretak som televerket og posten.  
  • presannhet: noko som ikkje er sant, men som kjem til å bli det, feks "Irak renn over av masseødeleggelsesvåpen" (sd.)
  • presenilident: statsleiar med SQ (sd.) større enn kritisk tetthet. 
  • presidens: når ein presenilident har gjort noko gøy, som td. å demokraterisera (dvs. bomba) eit anna land, skapar det presidens, slik at alle må gjera det.
  • preventiv: å bomba alle menn i kjønnsmoden alder. (the american way)
  • proaktiv: å gjera mot din neste det han vil gjera mot deg, men før han rekk det.
  • rasmuss (-en): frilurar og enkeltgjengar som har allergi mot modale hjelpeverb.
  • realisme: fanden i sin reinaste form, sirkelslutning: Eksemplevis er Ariel Sharon mot EU sine fredsplanar fordi dei er urealistiske, og dei er urealistiske fordi han er mot dei.
  • reality: fiksjon. Reality på TV kallast vekselvis reality-TV og nyheter.
  • regelverk: haupine som følge av overbyråkratisering.
  • representativ: gjennomsnittlig, som ikkje peikar seg ut. Sjå medium.
  • resistans: motstand. Resistente personar har gjerne sterk motvilje mot å bli sk. leiar.
  • resistansen: historisk periode som gjentar seg. Georg Ohm (Ω) levde i resistansen, Rasmussen lever i ny-resistansen.
  • saldomortale: den siste krampetrekningen til ein konto med eit svart hol. 
  • samarbeid: arbeid mot et mål definert av ein overordna (sjå orden). Eit slikt mål kallast for ein visjon. Det motsette av samarbeid er motarbeid
  • samtale: monolog. td. Oslo-samtalen.
  • samtalen -den store: samtale mellom ein schizofren politikar, gjerne i bokform.
  • sargasme: 1) overdriven sarkasme. 2) Å faka ein orgasme på ein opplagt måte. (Sjå også ordgasme)
  • sedat: 1) makelig anlagt person 2) forsamling av makelig anlagte personar, td, sedatet i USA.
  • sedator: ein folkevalgt sedat, ein som sit i sedatet.
  • seminarr: halvnarr, ein som går på kurs i regi av det offentlige. (sjå også nær døren opplevelse)
  • senil ulydighet: eldreopprør
  • sidelinja: stad der personar eller institusjonar med uspiselige oppfatningar blir plassert, som td. FN. Personar kan også bli sett på fundamentalsykehus (sd.)
  • skriveprolaps: plutselig utglidning av forfattarskap i retning av tøys og tull. Sjå fandens ordbok.
  • soldat: alliert terrorist.
  • sosial sperreballong: person som hindrar mellom-menneskelig kontakt, ofte ein sk. leiar.
  • sosialist: person som er marginalt til venstre for den som bruker ordet.
  • SQ: Stupidity Quotient. Mål for dumskap. Som regel målt i enheten millibush.
  • steling: illegal måte å profittera på andre sitt arbeid. sjå kapitalisme.
  • strategisk: feig, flink. Sjå også for.
  • styrerom: Lukka rom der leiarar blir fortalt kva dei skal meina, mots. av hjerterom: "der det er hjerterom er det ikkje styrerom".
  • stø kurs: resultatet av manglande evne til å styra. (Sjå autopilot, leiarkollisjonskurs og fremskritt)
  • svindelvev: den delen av internett som består av dotcom-selskap (sd.)
  • svinmonopol: dss fremskrittsparti.
  • synergieffekt: høgare utbytte, dvs. meir utbytting, dvs målet for ein  fusjon/fisjon.
  • terrorist: soldat som ikkje er alliert.
  • tidebønn: bønn om at bussen skal komma i tide.
  • tjuv: forbrytar som ikkje har rukke å danna eit as. Sjå også iransmann.
  • trump: enhet for ufordragelighet der ein er det høgast mulige. Sjå også bush.
  • tortur: den vanligaste avhøyrsteknikken for krigsfangar som ikkje har mobilkamera.
  • unnalæring: ikkje-autorisert læring, det ein lærer når ein lurer seg unna. For å unngå slik læring vart bonzai-pedagogikken (sd.) danna.
  • udanna: v. avdanna, mots av å danna. Å udanna er for pedagogikken det same som å dekomponera for musikken. 
  • uorden: 1) likhet, likeverd, demokrati. Det motsette av orden. 2) organisasjon med flat struktur, feks frilurarlosjen.
  • urban: tettbygd. Eksempelvis skal Erling Fossen vera ganske tett. Han har jo tross alt stilt opp for "tett på nett" med VG.
  • usa: ubegrensa statlig agressivitet.
  • utarma uran (DU): uran som er for farlig til å ha på lager, men som er heilt ufarlig for fienden.
  • utbytte: sjå utbytting og aksjeutbytting.
  • utbyttefest: dss. aksjeselskap. (sd.)
  • utenriskpolitikk: offisiell norsk utenrikspolitikk 
  • utenriskmedister: feig pudding.
  • valg: muligheten til å sei om du vil ha ein autoritær krigshissar eller ein ufordragelig, imkompetent fjott til å bestemma over deg. Sjå feks bestemmerett.
  • vippestatistikk: oversikt over kor mykje ein autoritær krigshissar ledar over ein ufordragelig inkompetent fjott i eit såkalt valg
  • visjon: mål som ein overordna ser for seg, som regel ein fisjon eller ein fusjon.
  • vond: på den galne sida, det motsette av god, dvs. uflink, lite strategisk.

© Gunnar Øyro - Oppdatert 16.01.2015

Populære innlegg fra denne bloggen

Miranda ofrast i krigen mot terror

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

det @narkistiske barnet