Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2013

Ein dag skal vi alle gå i dongeri og Palestinaskjerf

Bilde
"KONDOLERER" sa eg til ein dystert utsjåande mann som steig på bybanen på Wergeland med svart dress og svarte render rundt augene. "Kva meiner du?", spurde han. "Du skal i begravelse, ser eg. Var det ein nærståande?" sa eg. "Nei du misforstår, eg er berre i det private", sa han sorgtungt. "Det var leit å høyra", prøvde eg meg. Då brast det for stakkaren. "Du anar ikkje kor jævlig det er å gå i denne uniformen du! Dag ut og dag inn med slips og buksepress! Eg vil helst gå i dongeri, for det er det religionen min seier. Men det går ikkje, for eg sit på kontor! Eg vil ikkje meir, eg orkar ikkje dette, eg vil bort! Men så har eg berre denne helsikes BI-diplomen, så eg er stuck! Faens ulukke! Høyrer du? For ein parodi av et liv!" "Kva religion er det du tilhøyrer?", spurde eg forsiktig. "Eg er ... sosialist", mumla han, medan han skulte mot høgre. Eg forsto. Eg stramma meg opp, såg han inn i svartaugene og sa,