Gå til hovedinnhold

det @narkistiske barnet

Notat frå Institutt for Utopisk Pedagogikk (UPED) Første del av ein forelesing om politikk og pedagogikk. Andre del heiter Den Anarkistiske Skulen

Skulen sett frå eit barneperspektiv

Anarkisme som livsanskuelse.

Eg er ein av dei som "lir" av kronisk anarkisme. Det er først i siste at eg har kome ut av skapet og vedgått at eg er anarkist i ideologisk tyding, dvs. frihetlig sosialist, men anarkist i tydinga "skeptisk til autoritetar" har eg vore sidan eg var barn. Det er i denne tydinga eg skal bruka ordet i det som følgjer. I dette ligg det altså ingen ide om verda, men heller ein haldning til det å få idear om verda, og dermed ein haldning til læring og undervisning som ligg nær opp til det vitenskapelige kunnskapsidealet. Min tese er for det første at dei fleste (alle?) barn i utgangspunktet er anarkistar, og at ein slik haldning er både sunn og nødvendig, og for det andre at mange blir avlært sin anarkisme. Dette er et forsøk på å finna årsaken til det. Dei som har problemer med ordet anarkistisk kan faktisk bare sløyfa det, og lesa "barnet" i staden.

Anarkistiske barn

Eit anarkistisk barn har, akkurat som autistiske og dyslektiske barn, spesielle problem som skulen må vera oppmerksomme på. Hovedproblemet for eit anarkistisk barn er at det vil ha seg frabedt ein kvar form for belæring. Det vil gjerne læra, men det vil ikkje bli putta lærdom inn i. Det vil mao. ikkje bli indoktrinert. No vil mange hevda at indoktrinering, det har skulen slutta med for lengst. Men det hjelper lite så lenge ikkje eleven føler det slik. Det er altså ikkje indoktrinøren dvs. pedagogen, men indoktrinanden sin oppfatning av situasjonen som er av betydning. Sjølv om læraren i beste meining bare fortel den reine sanning så godtar ikkje det anarkistiske dette utan vidare. Anarkistiske barn ser på sitt indre rom som sin einaste fristad - eit heilag rom der dei åleine bestemmer. Derfor blir det beskytta som var det synagogen i Budapest. Kvart ord og kvar forestilling som vil inn blir nøye vurdert for å sjå om det er verdig ein plass i det aller heilagste. Altså ingen "kjekt å ha"-praksis her i gården: Alle ideear og tankar som ikkje umiddelbart synest nyttige, morsomme eller interessante blir forkasta, eller i det minste sett på venterommet.

Anarkistbarn i skulen

Pedagogen sitt mål er som vi forstår  nøyaktig det motsette av barnet sitt. Pedagogen vil putta ting inn i hovudet på det, barnet vil forhindra det. Begge partar har utvikla sofistikerte teknikkar for å nå sine mål. Barnet kan dra seg inn i seg sjølv, gjera andre ting, saboterera undervisninga eller avleda oppmerksomheten. Pedagogen lokkar og lurer. Han har slutta å seia "du skal". No seier han "det hadde vore fint om", og "kanskje vi skal ", men barn er ikkje dumme. Dei ser at målet er uforandra, det er bare metodane som er nye. For et anarkistisk barn må altså alt forklarast og begrunnast, like tilbake til p0 i argumentasjonskjeden: "Koffor må eg læra dette", og "koffor må eg gå på skule." Svar i retning av "det er til ditt eige beste", og "du kjem til å få bruk for dette seinare" bli sett på som trylleformularer som autoritetar bruker for å legitimera eller kamuflera sin maktbruk, noko det jo også er.

Skulen i eit samfunnsperspektiv

Maktens legitimitet

Ord som behov, utvikling og vekst er også trylleri. Beskrivelsar av angivelige behov som eleven har her og no, er i verkeligheten beskrivelsar av mål som vi har sett. Personlig utvikling er, akkurat som evolusjon, ein open prosess. Det vil seia at den nettopp ikkje går mot noko mål. Så når vi snakkar om utvikling i ein bestemt retning, snakkar vi egentlig ikkje om utvikling, men om oppdragelse. (Dette er den snillaste tolkinga. Ofte kunne vi like godt sagt "oppdrett") Men dette ordet er ikkje lenger med i læreplanen. Slik skjuler den det faktum at der er nokon som oppdrar og nokon som blir oppdradd. Vi kan ikkje sei at barnet har behov for vokst, men "det veks"! Det har ikkje behov for utvikling. Det utviklar seg! Barn lever her og no, og deira behov er alltid umiddelbare. Dei har behov for å forstå noko her og no, ikkje å huska, for det viser til framtida. Å snakka om at "barn har både umiddelbare behov og framtidige behov" er å juksa med ord. Vi har bare umiddelbare behov. Hvis vi ikkje har eit behov her og no, så har vi det ikkje. At vi kan få det er ein annan sak. Barn har ikkje behov for arbeid, men vi har behov for at dei skal lærast opp til å arbeida for oss. Likeeins er det hvis ein begrunnar karakterar med barns behov for feedback slik at dei kan vita kor dei står. At dette er vikarierande argument kan vi sjå ved å leggja merke til at jo eldre eleven blir jo meir formell vurdering blir ho utsett for, sjølv om behovet hennar vert mindre. Ei viktig del av oppdragelsen er jo at dei unge skal læra å vurdera seg sjølv, og det gjer dei. Dei fleste som går ut av vidaregåande veit sjølv inderlig godt kva dei kan og kva dei ikkje kan. Det er vi som har behov for å tallfesta dette og dokumentera det og klistra det på eleven som eit vedheng for resten av livet.
Barnets fundamentale spørsmål "koffor må eg gå her?" er altså fremdeles ubesvart. Skal vi ikkje vera så ærlige at vi seier at det går her for vår skuld?

Skjult mønster

Men det er også noko som stikk djupare og som er vanskeligare å få tak på. Her er et skjult mønster. Eg har ei dotter som går i tredje klasse. Ho har ei arbeidsbok med oppgaver av forskjellige slag. Dei fleste tegneoppgaver er av typen fyll inn, noko eg likar svært dårlig fordi det hindrar kreativiteten. Men nylig såg eg ei oppgave som eg likte endå mindre. Under overskriften "fullfør mønsteret" var det tegna ein spiral. Eg sa til ho at her er det jo mange muligheter, og foreslo ein slags borde. Men som den pliktoppfyllande jenta ho var, meinte ho at det var ikkje slik det skulle vera. Ho oppfatta oppgåva som tydelig og eintydig.
Dette mønsteret kan vi tolka som ein labyrint, men det er ein labyrint som du ikkje kan gå feil i, ein labyrint som går til sentrum, og som stoppar der. Svaret, den evige sannhet er opplagt, men du skal finna den sjøl! Er det dette som er elevens oppgave, å gå einsam gjennom ein labyrint som andre har sett opp for henne? Er det dette som er skulen si oppgave, å få eleven til å fullføra i sitt eige hovud, det mønsteret som læraren, skulen og samfunnet viser henne? Er det dette som er ansvar for egen læring, eller er det ansvar for egen indoktrinering?

 

Konsernmennesket

Den gamle metaforen "brikker i det store samfunnsmaskineriet" passar ikkje lenger. I dag er vi alle aktørar på den globale marknaden. Vi skal fremdeles finna vår plass, gjera vår jobb, vera profesjonelle, samarbeidsvillige, flinke og dyktige, fleksible og effektive, men vi skal vera det på ein annan måte enn før. For i dagens arbeidsliv er det eit stort pre om du er "sjølvgåande", "engasjert" kanskje til og med "dedikert". Jobbannonsene spør om du trives i et hektisk og utfordrende miljø, om du liker du å ta ansvar, og om du kan ta beslutninger under press. Poenget er klart: du skal ikkje bare gjera din plikt - du skal lika det også! Ja, ein ordre skal helst ikkje eingong oppfattast som ei plikt, men som interessante og nødvendige oppgaver. Du skal sjølv forstå nødvendigheten av å utføra disse oppgave fordi du skal prioritera bedriften framfor deg sjølv, arbeid framfor fritid osv. Kort sagt så skal du indentifisera deg med bedriften sine mål og såkalte visjonar. Dette moderne mennesket kan vi kalla for konsermennesket.
Korleis konsernmennesket oppstår kan vi forstå litt av ved å lesa Dagbladets "ti bud på arbeidsplassen" 2 mars 2004. Disse uttrykkjer idear som kan vera nyttige for dei som vil opp og fram i livet. (Spørsmålet er om dei er nyttige for samfunnet..)

Lær deg sjefens arbeidsstil (hva liker sjefen?)
Lær deg sjefens psyke Hva gjør ham glad?...
Identifiser deg med sjefens mål. Engasjer deg i sjefens tanker og planer. Da vil du bli en del av prosessen og ikke bare en løperjente.
Ingen overraskelser takk
Foreslå løsninger
Skriv det ned.
Vær positiv.
Tenk selv.
Vær lojal.
Kast glans over sjefen

 

Halvfabrikata

Visst er konsernmennesket framfor alt eit resultat av måten arbeidslivet, media og markedet fungerar på, men systemet er også avhengig av at skulen gjer sin del av jobben. Skulen skal levera halvfabrikata som bedriftene deretter kan skreddarsy til sine behov. Det er like vesentlig med kva halvpart vi ikkje leverer, som den vi leverer. Det optimale produkt er eit menneske med følgande spesifikasjonar:
* Har: skal vera flittig og pliktoppfyllande, entusiastisk overfor nye oppgaver, ha detaljkunnskap i tekniske eller byråkratiske fag, ha høge private ambisjonar i retning av karriere, status og lønn.
* Manglar: skal ikkje ha kritisk evne, kunnskap om politikk, filosofi og samfunn på eit systemnivå, og for all del ikkje egne politiske meiningar og politiske mål.

 

Produksjonsmetoden

Slike halvfabrikata er det eg kallar flinkistar. Flinkisten er tilpasningsdyktig og fleksibel. Han er blitt vane med å gjera andre sine mål til sine mål, og til å forstå verdien av å gjera det som ein blir fortalt. Korleis produserer skulen flinkistar ut av barn? Jo, første ved å gi instruksjonar og oppgaver, og deretter ved å gi karakterer, ros, oppmerksomhet og feedback til dei som med stor iver tar fatt på oppgåva og leverer som bestilt. Ved å ignorera dei som tar egne initiativ som ikkje passar med timeplanen eller læreplanen. Ved å ha ein fast plan, eit fast mål og ein bestemt progresjon. Altså eit fast mønster. Det hjelper lite at det synlige mønsteret som skulen presenterer er pent og vakkert. Poenget er at flinkisten lar seg forma. Seinare, stilt overfor andre krav og mindre vakre mønster blir tilpasningsdyktighet fort til konformitet, og fleksibilitet blir til prinsippløyse.

 

Sjølvteknologi og prestasjonsfokusering.

Michel Foucault har definert uttrykket sjølvteknologi som noko ein gjer med sin egen kropp eller sjel for å omforma seg sjølv slik at ein kan oppnå lykke, reinhet og perfeksjon. Slike ideal skaper tvangstankar og tvangshandlingar. Om dette skriv Lars Løvlie (Norsk Pedagogisk Tidsskrift 6/97) "Det er ikke lett å vite når en person er i kontroll og når hun er under kontroll. Anorexien er interessant. [..] sykdommen forener ekstrem selvkontroll med å være helt ute av kontroll". Den same asketiske haldningen finn vi i yrkeslivet. Idealet om den "profesjonelle" medarbeidaren som ifølge Max Weber ikkje er naturgitt, men er noko som har oppstått, medfører ein ekstrem grad av sjølvkontroll. Vi finn dette også igjen i idretten og ikkje minst skulen, men der gjerne forkledd under navn som "studieteknikk". Felles for disse tilfella er den sosiale implantering av eit ideal, eit program, som virkar gjennom behovet for aksept. For å sitera Løvlie igjen: "prestasjonen blir midler for personlig identitet og sosial anerkjennelse". Vi ser at det Foucault kalla sjølvkontroll i røynda er sosial kontroll: konsernmennesket er bare tilsynelatande sjølvgåande.

 

Pedagogismens menneskesyn

Det menneskesynet som ligg bak produksjonen av konsermennesker er eit amoralsk menneskesyn: eleven er i utgangspunktet sjølv utan moral og må derfor gjevast ein moral. Ho skal gjevast ein retning og eit mål. Deretter skal ho sjølv styra seg mot dette målet ved egenstimulering og sjølvpremiering. Dette kallast i dag frihet. På same måte ligg det også under eit apolitisk kunnskapssyn: Den ser kunnskap som objektiv og nøytral. Poenget blir då ikkje refleksjon over kunnskap, men innstallasjon. Som ein annan programvare skal han bare overførast til mottakaren på ein så effektiv måte som mulig. Dette kallast læring.

 

Den skjulte mønsterplanen

Konklusjonen er at ein av dei viktigaste funksjonane (ikkje oppgavene) til skulen er å sosialisera barnet inn i Systemet. Gjennom å få barnet til å internalisera konkurransens og maktens normer og verdiar får skulen ein klart politisk funksjon som ikkje er formulert og langt mindre vedtatt. Og dette er den skjulte mønsterplanen, ein plan som ikkje er skreve på papir, men som er innskrive i skulesystemet og samfunnet gjennom ein praksis og ein struktur som er tilpassa dei juridiske personane, dvs. bedriftene og storkonserna.
Den skjulte mønsterplanen samsvarer dårlig med den skrivne. Den skrivne seier at eleven skal bli sjølvstendig, men den uskrivne seier det motsette. Hovedfunksjonen latar til å vera å hindra eleven i å ha sin egen læreplan, eller i vidare forstand å ha sin egen agenda.

 

Pedagogiske konsekvenser

Det som her er sagt, har skulepolitiske konsekvensar. Skal vi fjerna den skjulte mønsterplanen, betyr det ei fristilling av skulane, av lærarane og elevane. Det betyr mindre autoritære strukturar og mindre statlig innblanding. Det betyr bort med detaljerte læreplanar, færre obligatoriske fag, og mindre elevovervåking (evaluering).
Men å venta på at dette skal skje av seg sjølv er å tru på eit politisk under. Alle revolusjonar startar nedanfrå, og bare ved å endra vår egen praksis kan systemet endrast.

Den nye pedagogiske retningen Anarkokonstruktivismen er eit forsøk på det. Punkt 5 i det anarkokonstruktivistiske manifest lyder: "Skolen er intet paradis. Tråkk på strekene, og når du er blitt anda tøffere, tramp på dem med høye skrik. Hopp over gjerdene. Riv ned vegger, flytt på møbler. Sett aldri stolene på plass igjen. Den rette plassen finnes ikke"

Kva slags gjerder skal vi hoppa over? Kanskje vi kunne starta med å fjerna anmerkningane og fraværslistene? Eller skulle vi oppfordra til sivil ulydighet ved å definera våre egne læreplanar i fellesskap med elevane? Kanskje vi skulle setja i gang ein direkte aksjon retta mot papimøller og kontroll? Kanskje vi skulle ha månedlige rundskrivbål på plassen?

Moralen er klar. Vi må gi litt meir Faen! Vi må bry oss meir om elevane enn om autoritetane. Vi må følgja vårt eige hovud meir enn autoritetane sine påbud. Vi må ha det meir gøy, premiera oppfinnsomhet, originalitet og opprørskhet, kort sagt må vi sørgja for å ikkje kvela det anarkistiske barnet. Alle barn anarkistiske av natur. Når det fins så få vaksne anarkistar, er det fordi vi har effektivt blitt avlært det, gjennom skulen, arbeidet og vidare i vårt vaksne liv. La oss derfor som veiledarar gje dei unge studentane meir frihet og mindre kontroll, samtidig som vi også krever det for vår egen del.  Det betyr kanskje farvel til enhetsskulen, men iallfall eit ja til frihetsskulen!

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis vi vart ført bak lyset i Syria: rollen til Leger Uten Grenser.

Artikkel av Tim Hayward. Dette er min egen oversettelse av originalartikkelen hans: How We Were Misled About Syria: the role of Médicins Sans Frontières (MSF). Eg har tatt denne inn, ikkje bare fordi den er velskriven og handlar om ein svært viktige sak, men også fordi den er veldokumentert med mange lenker. Uthevingane er forfattaren sine egne. Tim Hayward er er professor i miljøpolitisk teori ved universitetet i Edinburgh og mykje meir.

Eg har grenselaus beundring for dei legane som frivillig deltar i det uvurderlige og ofte farlige arbeidet til Leger Uten Grenser (Médicins Sans Frontières, heretter kalla MSF). Spørsmålet dreier seg om MSF sin praksis om å "bera vitnesbyrd": MSF vil snakka ut, sjøl mot regjeringar, når dei meiner at den humanitære situasjonen skulle ha blitt behandla på ein annan måte av dei ansvarlige.[1] Dei har gjort dette i Syria.


Men hvis ingen av MSF sine internasjonale legar har vore på bakken i krig…

Dagen før Daraa

Korleis krigen braut laus i Syria
Av  Stephen Sahiounie, oversett av Gunnar Øyro etter originalartikkelen The day before Deraa: How the war broke out in Syria.

Dagen før 11 september 2001 var som alle normale dagar i New York. Den 10 september 2001 visste ingenting om dei opprivande hendelsane som skulle skje dagen etter. På same måten kunne ein tenkja seg at dagen før volden braut laus i Deraa* i Syria i mars 2011 skulle vera ein rolig  dag, uvitande om opprøret som skulle koma. Men slik var det ikkje. Deraa var fyllt av aktivitet og framande besøkjande til Syria i god tid før det velregisserte opprøret starta si første akt.

Omari-moskeen var bakscenen der forberedelsar, kostymeskift og øving fann stad. Libyske terroristar, som kom direkte frå slagmarka i det US-NATO-drivne angrepet på Libya, var på plass i god tid før volden starta i mars 2011. Imamen** i moskeen var Sheikh Ahmad al Sayasneh. Han var ein eldre mann med eit alv…

Krigsmaskinen USA - Del 1

Kva bruker USA på militæret sitt? I: Militære utgifter i forhold til andre land. USA sitt militærbudsjett for 2016 var ifølge Wikipedia/SIPRI, 611.2 milliardar dollar, dvs. rundt 5.3 trilliardar kroner. For 2017 er budsjettet 824.1 milliardar dollar. I prosent av BNP var det i 2016 3.3%. Dette er ikkje den høgaste prosenten. Feks. har både Israel (5,8%) og Saudi Arabia (10%) høgare andel.

I reine pengar ser det slik ut: USA bruker like mykje pengar på militæret som dei sju neste på lista. For eksempel: for kvar dollar Kina bruker på sitt militære, så bruker  USA 2.77. Det kan vera greit å samanlikna dette med folketalet i dei same. USA har omlag 4.3 % av verdens befolkning, mens Kina har 18,5%. (Kjelde: http://www.worldometers.info) Mens Kina altså har over fire gonger meir folk, så bruker USA nesten tre gonger så mykje pengar. Med andre ord: misforholdet er  stort:
II: Militære utgifter i forhold til andre sektorar Ser vi litt nærmare på statens utgifter så ser det slik ut: Militærut…